torsdag 25. februar 2010

Gjenklang

Eg tror jammen at eg skal gifte meg med deg når eg blir stor.

Denne gongen er det ikkje mannen min, men sonen som frir til meg. Ta bort dei siste fire orda, så er me der me var for ti år sidan.

Nei, denne skal ikkje henge her (indignert). Uff (sukk og stønn), dåkkar finnar altså på så mykje rart.

Og denne gongen er det ikkje eg som snakkar til ungane, men treåringen som snakkar til foreldra sine.

mandag 22. februar 2010

Tide i utide

Sjølv om eg er blant dei mange som irriterer seg over at Tide aldri er i tide, og at det overhovud ikkje eksisterer noko kart over rutenettverket i Bergen, og at du må rekne ut når bussen er der du står sjølv om du ikkje veit kva det heiter der du står, så skal eg no reklamere litt for Tide.




I dag oppdaga eg nemleg at 30-bussen går kvart tiande minutt i rushtida både til og frå Sandsli. Denne ruta går gjennom ein flaskehals der trafikken nesten står stille når folk skal til og frå jobb. Kanskje er det for å hjelpe mot køen at busstilbodet er oppretta? Eg håper tilbodet er nytt, og at folk berre ikkje har oppdaga det enno. Om ikkje er det på høg tid å irritere seg over bilistane. I dag var bussen under halvfull, og framfor oss stod det mange matpakkekøyrarar og stengde for vegen. Då bussen stod stille tenkte eg litt på å gå ut og banke på vindauga på bilane føre oss og spørre sjåførane og matpakka deira om dei visste at 30-bussen går kvart tiande minutt, berre for å hinte om at dei kunne gjort vegen litt meir framkomeleg. Passar det seg å gjere slikt?

lørdag 20. februar 2010

OL


I desse OL-tider, vil eg seie noko om OL. Under OL ser eg mellom anna på Animal Planet og har oppdaga at det fins andre kanalar enn NRK. Eg har til og med sett på TV-Norge, og ein annan kanal som synte eit program om Susan Boyle. Dei synte sjølvsagt det eine klippet der ho er med på Idol og fortel at ho drøymer om å verte profesjonell sangar, og då ler alle av ho fordi ho ikkje ser ut som ein profesjonell sangar. Dei trur at ho ikkje kan synge og at ho ikkje har sjølvinnsikt. Og når ho set ho i gang å synge forstår alle at dei har blottlagd fordomane sine, at dei tok feil og at ho kan synge sjølv om ho er 47 år og ikkje så fin. Me forstår at no har livet hennar teke ei ny vending.

Seinare ser eg ein dokumentar på TV-Norge om eit bufellesskap for psykisk utviklingshemma. Forteljaren i programmet, som òg bur i bufellskapet, har 40-årsdag. Det vert heldt ein del talar til han. Då vert eg rørt. 40-åringen har aldri brydd seg om det andre har brydd seg om, nemleg alt han ikkje har fått til. Han har gjort ting på sin måte, og er, etter det folk fortel, full av kjærleik.

Så slår eg over på NRK, og ser at Tora Berger er på gråten. Kva er det tenkjer eg? Kva har skjedd? Har ho brukket skien, eller staven midt i skiløypa? Nei, ho har vunnet, forstår eg. Og ho er berre rørt. Eg klarar ikkje kjenne noko. Vanlegvis gret eg òg når eg ser andre grine på TV, men ikkje no. Det skjer aldri når eg ser sport. Heller ikkje klarer eg å tykkje synd i dei sportsfolka som er lei seg fordi forma var dårleg, føret ikkje heilt i deira favør eller skia klabba. Kva er det med meg? Eg byrjar å tru at eg er kald. Så hugsar eg at eg for ei lita stund sidan var veldig rørt. Eg klarar berre ikkje å heie på dei som klarar seg bra med alle odds. Er det nokon som håpar at prinsen skal gifte seg med stesøstera til Askepott, då?

fredag 19. februar 2010

Bodybuilding i vatn

Tidlegare har eg tenkt at det kom til å verte for krevjande å dra ungane med på noko etter barnehagen. På denne tida har me jo som regel nok med å lage middag, sjå barne-TV og leggje seg. Når eg i tillegg har jobba mykje på kveldane, har det ikkje vore mogleg. No har eg betre tid, og gode minner frå tida me gjekk på babysymjing. Sidan treåringen er veldig glad i vatn, og lite redd, er det ein tryggheitsinvestering i å lære ho å symje. Ho kan fort hoppe ut i eit basseng utan oss i nærleiken. I verste fall kan ho drukne, i beste fall kan ho få vannskrekk. Eller vil ho det? Fyrste gongen ho hoppa ut i eit basseng utan armringar og utan nokon vaksne klare til å ta imot seg, fekk ho meirsmak. Då ho vart redda, lo ho. Dette var gøy. Frå no av vil ho berre symje under vatn.

Symjekurset, eller Tryggivannkurset, som kanskje er nærare det kurset eigentleg heiter, er vel verdt både pengar og tid og kjennest ikkje som noko stress i det heile. Ungane vert så glade av å vere der at resten av kvelden går som ein leik.

På kurset fylgjer ikkje treåringen heilt instruksane. Det er ikkje så lett å høyre kva instruktørane seier når ein er under vatn. Men eg merkar at ho forstår at ho bør gjere litt av det dei seier. Femåringen, som jo snart er skulegut, lar seg lettare instruere, og han har hatt ei veldig fin utvikling. Frå å vere litt engsteleg, prøver han no å ikkje vere dårlegare enn vetlesystera. Den første gongen me var på kurset, nekta han å gå ut i bassenget. Det var for kaldt, meinte han. I dag er heller ikkje han redd for å få vatn i øyrer og auger. Pusten klarar han også å halde under vatn.

Så no er det eg som må melde meg på kurs. Det er nemleg ikkje meg treåringen liknar på. Eg er ikkje glad i at ungane legg seg oppå meg medan eg symjar. Då klarar eg ikkje å halde meg flytande, eg synk og får vatn i auger, øyrer, nase og lunger. Eg hatar å vere under vatn med hovudet.

onsdag 10. februar 2010

Karneval i barnehagen

På fredag er det karneval i barnehagen, og eg vert førd inn i eit dilemma. Eg meiner eigentleg at når ungane skal kle seg ut, kan dei godt bruke gamle klede på rare måtar. Gjenbruk og karneval er som hand i hanske. Det er ingen grunn til å bidra til overforbruket i karnevaltider. I fjor var eg kreativ og laga parykk til treåringen (den gong toåring) som eg hadde tenkt at skulle kle seg ut som eit troll. I ettertid ser eg at dette var ganske hensynsløst, for ho hadde jo tydeleg sagt at ho berre ville kle seg ut som prinsesse. I tillegg hadde eg funne ei homledrakt på Fretex, men den ville ingen ha på seg. Femåringen kledde seg ut som postman Pat, og då var det ansiktsmaling som gjorde susen.

Om morgonen då me skulle gå i barnehagen, var treåringen trøyt og hadde ikkje lyst å kle på seg i det heile. Når ho såg parykken vart ho rasande. Ho skjønte at eg hadde klipt i stykker (den allereie isundslitne) tightsen hennar. Dermed gjorde ho motstand mot absolutt alt og det einaste me fekk på ho den morgonen var ei truse. Så køyrde faren ho til barnehagen, og det var sikkert kaldt. Trøysta er at det er den einaste gongen me faktisk ikkje har fått til å kle på ho før ho skulle i barnehagen.

I år bør ikkje karnevalet få same utfall. Dei har brukt ein del tid i barnehagen til å bygge opp forventningane til fredagen. Dei har sett bilete frå tidlegare karneval i fleire veker. Begge ungane har lenge snakka om kor mykje dei gler seg. Femåringen skal kle seg ut som homle (og det er jo ikkje noko problem), og treåringen skal kle seg ut som prinsesse. Eg spør ho kva ho skal ha på seg, og då svarar ho at ho kan ha på seg prinsessekjolen som dei har i barnehagen. Og den er rosa og så syner ho med handrørsle i lufta at han er sånn og sånn og sånn. Då blandar faren seg inn: - Kan du ikkje kle deg ut som nåkke ant? Kanskje ett troll? Nei! svarar me i kor. Ho skal vere prinsesse.

Eg hugsar forresten eit karneval frå barndomen min. Eg hadde gleda meg lenge, og eg skulle kle meg ut som prinsesse. Eg brukte nokre gardiner (som eg elles hadde mykje glede av at låg i utkledningskorga mi) og litt kartong. Då eg endeleg kom på karnevalet, syns eg ikkje at eg var noko fin. Det var litt skuffande. Eg trur eg veit kva drøymer jenta har. Og eg kan innfri dei ganske lett. Det er jo karnevalstid, og på leikebutikkar har dei sikkert prinsessekjoler til eit par hundre kroner.

lørdag 6. februar 2010

Sjølvinnsikt

Femåring snakkar stort sett heile tida, og då kjem det jo noko klokt ut av og til òg. Men stort sett vert eg sliten av alt pratet, særleg fordi resten av familien òg er over gjennomsnittet pratsame. Fredag var det planleggingsdag frå barnehagen, ungane var heime og femåring prata og prata. Til slutt spurde eg han om me ikkje skulle leike stilleleiken. Då vart han sint.

-Men, Kristine. Forstår du ikke? Jeg snakker jo ikke høyt. Det er ikke det som er problemet. Kan du ikke forstå at jeg ikke har lært meg å ta tur?

onsdag 3. februar 2010

Dårleg jobb

-Mormor og morfar gjorde ein dårleg jobb då dei laga deg!

Sitat frå ein sint femåring.