

I desse OL-tider, vil eg seie noko om OL. Under OL ser eg mellom anna på Animal Planet og har oppdaga at det fins andre kanalar enn NRK. Eg har til og med sett på TV-Norge, og ein annan kanal som synte eit program om Susan Boyle. Dei synte sjølvsagt det eine klippet der ho er med på Idol og fortel at ho drøymer om å verte profesjonell sangar, og då ler alle av ho fordi ho ikkje ser ut som ein profesjonell sangar. Dei trur at ho ikkje kan synge og at ho ikkje har sjølvinnsikt. Og når ho set ho i gang å synge forstår alle at dei har blottlagd fordomane sine, at dei tok feil og at ho kan synge sjølv om ho er 47 år og ikkje så fin. Me forstår at no har livet hennar teke ei ny vending.Seinare ser eg ein dokumentar på TV-Norge om eit bufellesskap for psykisk utviklingshemma. Forteljaren i programmet, som òg bur i bufellskapet, har 40-årsdag. Det vert heldt ein del talar til han. Då vert eg rørt. 40-åringen har aldri brydd seg om det andre har brydd seg om, nemleg alt han ikkje har fått til. Han har gjort ting på sin måte, og er, etter det folk fortel, full av kjærleik.
Så slår eg over på NRK, og ser at Tora Berger er på gråten. Kva er det tenkjer eg? Kva har skjedd? Har ho brukket skien, eller staven midt i skiløypa? Nei, ho har vunnet, forstår eg. Og ho er berre rørt. Eg klarar ikkje kjenne noko. Vanlegvis gret eg òg når eg ser andre grine på TV, men ikkje no. Det skjer aldri når eg ser sport. Heller ikkje klarer eg å tykkje synd i dei sportsfolka som er lei seg fordi forma var dårleg, føret ikkje heilt i deira favør eller skia klabba. Kva er det med meg? Eg byrjar å tru at eg er kald. Så hugsar eg at eg for ei lita stund sidan var veldig rørt. Eg klarar berre ikkje å heie på dei som klarar seg bra med alle odds. Er det nokon som håpar at prinsen skal gifte seg med stesøstera til Askepott, då?
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar