Sjølv om eg er blant dei mange som irriterer seg over at Tide aldri er i tide, og at det overhovud ikkje eksisterer noko kart over rutenettverket i Bergen, og at du må rekne ut når bussen er der du står sjølv om du ikkje veit kva det heiter der du står, så skal eg no reklamere litt for Tide.


I dag oppdaga eg nemleg at 30-bussen går kvart tiande minutt i rushtida både til og frå Sandsli. Denne ruta går gjennom ein flaskehals der trafikken nesten står stille når folk skal til og frå jobb. Kanskje er det for å hjelpe mot køen at busstilbodet er oppretta? Eg håper tilbodet er nytt, og at folk berre ikkje har oppdaga det enno. Om ikkje er det på høg tid å irritere seg over bilistane. I dag var bussen under halvfull, og framfor oss stod det mange matpakkekøyrarar og stengde for vegen. Då bussen stod stille tenkte eg litt på å gå ut og banke på vindauga på bilane føre oss og spørre sjåførane og matpakka deira om dei visste at 30-bussen går kvart tiande minutt, berre for å hinte om at dei kunne gjort vegen litt meir framkomeleg. Passar det seg å gjere slikt?
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar