fredag 19. februar 2010

Bodybuilding i vatn

Tidlegare har eg tenkt at det kom til å verte for krevjande å dra ungane med på noko etter barnehagen. På denne tida har me jo som regel nok med å lage middag, sjå barne-TV og leggje seg. Når eg i tillegg har jobba mykje på kveldane, har det ikkje vore mogleg. No har eg betre tid, og gode minner frå tida me gjekk på babysymjing. Sidan treåringen er veldig glad i vatn, og lite redd, er det ein tryggheitsinvestering i å lære ho å symje. Ho kan fort hoppe ut i eit basseng utan oss i nærleiken. I verste fall kan ho drukne, i beste fall kan ho få vannskrekk. Eller vil ho det? Fyrste gongen ho hoppa ut i eit basseng utan armringar og utan nokon vaksne klare til å ta imot seg, fekk ho meirsmak. Då ho vart redda, lo ho. Dette var gøy. Frå no av vil ho berre symje under vatn.

Symjekurset, eller Tryggivannkurset, som kanskje er nærare det kurset eigentleg heiter, er vel verdt både pengar og tid og kjennest ikkje som noko stress i det heile. Ungane vert så glade av å vere der at resten av kvelden går som ein leik.

På kurset fylgjer ikkje treåringen heilt instruksane. Det er ikkje så lett å høyre kva instruktørane seier når ein er under vatn. Men eg merkar at ho forstår at ho bør gjere litt av det dei seier. Femåringen, som jo snart er skulegut, lar seg lettare instruere, og han har hatt ei veldig fin utvikling. Frå å vere litt engsteleg, prøver han no å ikkje vere dårlegare enn vetlesystera. Den første gongen me var på kurset, nekta han å gå ut i bassenget. Det var for kaldt, meinte han. I dag er heller ikkje han redd for å få vatn i øyrer og auger. Pusten klarar han også å halde under vatn.

Så no er det eg som må melde meg på kurs. Det er nemleg ikkje meg treåringen liknar på. Eg er ikkje glad i at ungane legg seg oppå meg medan eg symjar. Då klarar eg ikkje å halde meg flytande, eg synk og får vatn i auger, øyrer, nase og lunger. Eg hatar å vere under vatn med hovudet.

Ingen kommentarer: