onsdag 10. februar 2010

Karneval i barnehagen

På fredag er det karneval i barnehagen, og eg vert førd inn i eit dilemma. Eg meiner eigentleg at når ungane skal kle seg ut, kan dei godt bruke gamle klede på rare måtar. Gjenbruk og karneval er som hand i hanske. Det er ingen grunn til å bidra til overforbruket i karnevaltider. I fjor var eg kreativ og laga parykk til treåringen (den gong toåring) som eg hadde tenkt at skulle kle seg ut som eit troll. I ettertid ser eg at dette var ganske hensynsløst, for ho hadde jo tydeleg sagt at ho berre ville kle seg ut som prinsesse. I tillegg hadde eg funne ei homledrakt på Fretex, men den ville ingen ha på seg. Femåringen kledde seg ut som postman Pat, og då var det ansiktsmaling som gjorde susen.

Om morgonen då me skulle gå i barnehagen, var treåringen trøyt og hadde ikkje lyst å kle på seg i det heile. Når ho såg parykken vart ho rasande. Ho skjønte at eg hadde klipt i stykker (den allereie isundslitne) tightsen hennar. Dermed gjorde ho motstand mot absolutt alt og det einaste me fekk på ho den morgonen var ei truse. Så køyrde faren ho til barnehagen, og det var sikkert kaldt. Trøysta er at det er den einaste gongen me faktisk ikkje har fått til å kle på ho før ho skulle i barnehagen.

I år bør ikkje karnevalet få same utfall. Dei har brukt ein del tid i barnehagen til å bygge opp forventningane til fredagen. Dei har sett bilete frå tidlegare karneval i fleire veker. Begge ungane har lenge snakka om kor mykje dei gler seg. Femåringen skal kle seg ut som homle (og det er jo ikkje noko problem), og treåringen skal kle seg ut som prinsesse. Eg spør ho kva ho skal ha på seg, og då svarar ho at ho kan ha på seg prinsessekjolen som dei har i barnehagen. Og den er rosa og så syner ho med handrørsle i lufta at han er sånn og sånn og sånn. Då blandar faren seg inn: - Kan du ikkje kle deg ut som nåkke ant? Kanskje ett troll? Nei! svarar me i kor. Ho skal vere prinsesse.

Eg hugsar forresten eit karneval frå barndomen min. Eg hadde gleda meg lenge, og eg skulle kle meg ut som prinsesse. Eg brukte nokre gardiner (som eg elles hadde mykje glede av at låg i utkledningskorga mi) og litt kartong. Då eg endeleg kom på karnevalet, syns eg ikkje at eg var noko fin. Det var litt skuffande. Eg trur eg veit kva drøymer jenta har. Og eg kan innfri dei ganske lett. Det er jo karnevalstid, og på leikebutikkar har dei sikkert prinsessekjoler til eit par hundre kroner.

Ingen kommentarer: