tirsdag 29. desember 2009

Romjula

Romjula er deilig. Det er i romjula ein får tid til det ein ikkje får tid til i adventstida. No har me både skrive på julekort, kjøpt frimerke og me reknar med å poste korta i morgon. Eg har strikka ferdig hanskene eg skulle gje ei veninne til jul. (Mønsteret til dei fann eg her). No manglar det berre nokre kledelege knappar.
Men kakene me har baka i adventstida, dei får me ikkje tid til å ete. Ungane liker dei plutseleg ikkje lenger heller, eller for å bruke deira ord. Dei elskar dei ikkje lenger. Det var berre då dei gøymde seg under stovebordet med stolne kaker at dei smaka godt, motsett av kva dei har lært av Hakkebakkeskogen.

1. juledag drog me til Ålvik og storfamilien der.



Her vart 3-åringen hekta på skigåing og brukte det som transportmiddel til juletrefesten 2.juledag, der me for øvrig vann ein kakeboks med ein kopp og ein refleks i.

Denne romjula er ekstra fin. Me har snø, solide minusgrader og sol. Det betyr perfekte forhold for å gå på ski. Eg orkar ikkje å ha ski på beina når eg går med ungane. Eg er friare til å hjelpe dei opp etter fall utan. Og det må eg gjere ofte. Me satsar på treåringen si skikarriere, ikkje mi. Det kjekkaste eg veit med Bergen og snø, er å ake frå Fløyen. Om det er slik at ungane like godt kan ake her heime, bryr eg meg ikkje noko om det. Bur me i Bergen, så bur me i Bergen. Ake heime kan ein gjere dei fleste andre stader. Dermed vart det aking frå Fløyen i går. Det er verkeleg veldig kjekt. I dag kunne me òg ha aka då forholda var like fine, men ungane valde å gå på kino. Me såg En liten julefortelling. Ein heilt grei film for meg, og fantastisk for treåringen som denne gangen følgde med frå byrjinga og heilt til slutten.

tirsdag 22. desember 2009

Stri julestri


I år forstår eg kva ein meiner med julestria. Eg har ikkje kjend det skikkeleg før no. Eg trur det har samanheng med at eg ikkje har hatt lappen før.

Eg tykte det høyrdest praktisk ut å køyre til Lagunen mandag morgon før jul, før alle andre.... Eg skulle innfri julegåveynskjene til alle i familien. Far i huset ynskjer seg ishockeyspel, og 7-åringen ynskjer seg sparkesykkel. Me veit ikkje om andre stader dei sel slikt enn på XXL ved Lagunen, og der sel dei òg sparkesykkel. Når det gjenstår nokre dagar før jul, bestemmer eg meg for å handle dei to nemnde presangane. Det er for seint å strikke dei sjølv.

På veg mot kjøpesenteret merkar eg at det er noko rart med trafikken. Eg trur ein eller annan bil har køyrt av vegen og at resten av trafikken ikkje kjem forbi. Det er jo ikkje så rart. Det er jo glatt. Men eg tek feil. Trafikken går sakte framover. Og eg ser ho snirklar seg inn mot senteret. Klokka ti om morgonen er det bilkø til eit kjøpesenter. Folk skal ikkje på jobb, men på butikken. Er ikkje det ganske utruleg? Det er ikkje råd å få parkeringsplass utanfor XXL heller. Det er hovudsakleg dit alle skal. Det er ikkje noko problem å parkere utanfor Fretex. Så eg gjer det og går inn og ser, for å rettferdiggjere parkeringsplassen eg tek. Og eg kjem ut med noko nips........

Inne på XXL finn eg det eg skal ha. Men når eg skal betale, syner det seg at kontoen min er tom. Pinleg. Eg ringjer ishockeymannen for å be han setje inn pengar til meg. Han meiner eg ikkje vil få pengane i dag, men i morgon. Eg trur eg vil få pengane same dag, men vert usikker. Eg går til senteret og finn ein minibank. Etter å ha sjekka han kvar halve time i eit par timar, gjev eg opp. Eg bestemmer meg for å reise til juletreskogen der me hadde vore dagen før for å hente akebretta me hadde gløymd. Eg kunne jo sjekke kontoen min når eg var ferdig der.

Men så var det alle desse rundkøyringane i eit området eg ikkje er kjend, og der alle skilta er snødde ned. Eg køyrer ikkje til sentrum, men til Sørås. Eg må ut att, men ser igjen ein saktegåande kø på vegen ut. Eg nektar å snu, og trur at eg vil kome ut av Sørås om eg held fram på den vegen eg alt er på. Til slutt forstår eg at det er ein blindveg eg køyrer på. (Og så hugsar eg at det same har skjedd før). Eg snur og vert ståande lenge og vel i ein ny bilkø. For å ikkje kaste bort for mykje tid, høyrer eg på P2. Det gjev meg noko. Eg høyrer på Verdt å vite. Denne veka handlar det om Klimakrisa. Det gjer skikkeleg vondt. Her sit eg aleine i ein gamal bil og spyr ut eksos på veg til eit kjøpesenter for å kjøpe julegåver til ungar som har alt dei treng. Eg tenkjer på at eg skulle ha vorte ein eremitt, og funne meg ein fjellgard. Me skulle ha skrota bilen og vortne bønder og produsert det me treng sjølve. Eg skulle sagt good bye til Lagunen og bilkøar. Slik tenkjer eg. Og så skrur eg over til P1. Kanskje eg får nokre trafikkmeldingar. Det kan jo vere godt å ha med seg.

Når eg endeleg kjem meg ut og attende til der eg i utgangspunktet skulle, kjem eg til ei ny rundkøyring der eg veit at eg alltid er usikker. Igjen køyrer eg feil, og havnar på Nestun. Like godt tenkjer eg. Der endar eg alltid når eg skal til Os, men frå Nestun tykkjer eg der er lett å orientere seg. Problemet i dag er, som sagt, kø. No står bilane nesten stille. Eg har alt byrja å sjå på klokka og lure på om eg vil rekke å hente ungane. Eg er sulten, men har ikkje mat i bilen. Det er no skuldrane byrjar å stivne. Når ein sit i slike saktegåande køar, trur ein alltid at han aldri vil ta slutt. Men det gjorde han også denne gongen. Eg fekk henta akebretta og kom meg heim til å hente ungane i barnehagen. Men, eg hadde brukt ein heil dag på å ikkje gjere noko som helst enn å bidra til klimaendringane.

Dagen etter prøvde eg igjen: Eg kom fram. Det tok si tid. Pengane var på konto. Far og born var nøgde. Under ser de resultatet.




søndag 13. desember 2009

 


Det er så godt med ein og annan litt kald dag i desember.
Posted by Picasa

mandag 7. desember 2009

Omsorg

På veg til kor i dag ser eg ein sliten narkoman utanfor ein butikk. Han sit med capsen i handa og tiggar. Når han får sjå meg, gaular han.

-Halloen, du der! Du må ikkje springe så tynnkledd ute. Det er jo galskap.

Eg vert nesten litt rørt. Sjølv om det er mildt og eg ikkje frys, så er det nokon som har omsorg for meg.

Fasttelefon

Husbonden har sagt opp fasttelefonen vår. Det er visst fordi me nesten ikkje bruker han. Me gidd ikkje gå ned i den kalde kjellaren for å ta ein telefon. Det er lettare å gripe til mobilen me ofte har liggande i nærleiken. Dessutan er det færre og færre som har fasttelefon no for tida. Når me skal ringe til ein mobil, er det billegare å ringe frå ein mobil.

Men fasttelefonen er sårt sakna. Eg brukte han nemleg fleire gongar for dagen til å ringe min eigen bortkomne mobil. Kor er mobilen no? Gløymde eg han der eg var i går, eller har mannen min teke han med seg på jobb? Eg kan jo ikkje ringe han og spørre. Vil barnehagen nå meg om det syner seg at femåringen har rett i at han ikkje er frisk i dag. Kor mange er det som desperat prøver å nå meg for å headhunte meg til draumejobben nett no? Nei, eg må visst leite litt meir.

søndag 6. desember 2009

Ein rask dag

Femåringen lurer på kvifor denne dagen gjekk så fort. Eg foreslo at det kanskje er fordi dagen har vore kjekk.

- Er det slik at kjekke dagar går fort, og går keisame dagar seint?
- Ja, dei gjer ofte det.

Ja, då har dagen vore veldig kjekk, for denne dagen gjekk verkeleg fort.

Femåringen har hatt det som plomma i egget. Då faren skulle ut på joggetur, klarde han å kome seg med, aleine. Treåringen stakk av då kleda skulle på, og slikt tull kan me ikkje ha noko av. Ho måtte vere heime. Joggeturen til faren vart til sykkeltur med femåringen på sykkelsetet og så rask gange til Viggohytta med femåringen på skuldrane halve vegen. Femåringen prata som vanleg heile tida som ein foss, men sidan det berre var dei to, fekk han også repons. På hytta fekk han vaflar og kakao. Heime laga me litt julepynt eller julegåver medan pappa dusja, og enno var ikkje dagen over. Me for rett til nokre vener frå barnehagen der me åt middag og laga julekaker/pepperkaker. Sjølvsagt tok me ikkje bilete.

torsdag 3. desember 2009

Enno meir om julekalender.

Eg er visst ikkje aleine i synet mitt på julekalender. Hurra! .Hurra!

Om sykkelen, tida som går og det å sykle med ein sykkel i forsvarleg stand.

Endeleg fekk eg levert sykkelen på service. Eg grua meg litt til å levere sykkelen inn på ein sykkelverkstad. Det hadde vore så pinleg om eg berre kunne skru på ei skrue og så var alt i orden. Eg prøvde å finne feilen sjølv før eg drog, men eg tenkte at eg har litt å gå på sidan eg ikkje er mann. Eg passa på å ha på meg skjørt. Jenter har jo lov å vere litt teknisk analfabet, har dei ikkje? Eg vel å tru det.

Det synte seg at det var på høg tid å få service på sykkelen. Han var ikkje i forsvarleg stand, fekk eg høyre. Ingen av hjula var rette, og styrelageret måtte skiftast ut. - Er sykkelen gamal? - Nei, heilt ny, svarer eg. Eg kjøpte han for.... eh..... sju år sidan. - Fungerer giret? - Ja, svarer eg, eller ikkje heilt. Kjeden fell av når eg har han i første.

Det var med andre ord bra eg fekk sykkelen til service etter sju år.

No lurer eg på om eg skal kjøpe meg regntrekk til sykkelhjelmen når eg kjem for å hente sykkelen, eller om eg skal håpe at nokon gir meg det til jul/bursdag?

tirsdag 1. desember 2009

Meir om å sykle i regnvêr og om å køyre bil i kuldegradar

Turen på sykkel, som eg skreiv om under, enda vel, trudde eg. Eg sykla på jobb og heimatt i mørkret om kvelden. Det regna så mykje at plenen vart omgjort til eit utandørs badebasseng bak huset vårt. Me bur slik at me må bere sykkelen opp nokre trapper. Då me plar oppbevare sykkelen under terrassen, går me òg litt gjennom hagen til naboen. Sidan det også regna på plenen til naboen, var denne vorten sleip -ikkje naboen altså, men plenen. Plenen hennar heller litt, slik at regnet renn bort. Ho får dermed ikkje noko basseng. Då eg skulle til å tråkke opp første trappetrinn, sklei eg og ramla så lang- eller kort - eg var. Godt eg har hjelm, tenkte eg då eg fekk sykkelen i hovudet. Dagen etter tok eg sykkelen fram at. Men hjulet hadde problem med å gå rundt. Det synte seg at det var vorte skeivt. Og det må fiksast. Eg må levere det til ein sykkelreparatør. Problemet er at eg aldri gjer det. Eg tek heller bilen når eg skal rundt omkring. Og sparer eg tid på det? Nei, det gjer eg ikkje. No har det vorte minusgrader, og det tek litt tid å skrape bilen. Og kor lang tid brukar eg på å køyre til jobb? Jo, normalt ville det ha teke 7 minutt å køyre, og 15-20 minutt å sykle. Men no skal eg køyre på den verste rushtrafikkstrekninga midt i rushtida. Eg ser at alle syklistane syklar forbi meg medan eg er med på å spy eksos på dei. Nei, det er på tide å fikse sykkelen og menge seg med dei.

Adventskalender

Utruleg nok ser eg lite til adventskalenderboikotten. Kor er det vorten av han? Heller ikkje me kan snakke om ein boikott lenger. Faktisk har me skaffa oss ein adventskalender i år. Her er han:


 


Ikkje særleg sjarmerande. Det må eg innrøme. Kjøpt på Rema 1000 er han også. Men, nei, han kosta ikkje 9,90. Då måtte eg vente litt lenger ut i desember. Og det kunne eg ha gjort, men ikkje alle i familien er like glade i å vente.

I tillegg til at eg er veldig lite husleg av meg, byr det meg imot å pakke inn 28 gåver berre til ungane før jul. Så me minimaliserer så godt me kan. I fjor klarde eg å la vere å kjøpe adventskalender. I staden kjøpte eg ein appelsin og 24 nellikar. Med appelsinprosjektet vart Jens Petrus avslørd. Han må ha juksa med den appelsinen sin, eller så var appelsinane i Skomakergata av ein heilt annan kvalitet enn vår. Appelsinen vår rotna lenge før to veker var gått. Dessutan måtte eg mase på ungane for å få dei til å orke å fjerne ein nellik kvar dag. Ja, eg måtte faktisk gjere det sjølv. Dei orka ikkje ein gong å sjå på meg. Eg sat aleine på kjøkenet med appelsinen. Eg kjende meg som Asbjørn Brekke. Ungane forstod ikkje heilt poenget. Ikkje klarde dei å telje til 24 heller for å sjå kor mange dagar det var att til jul. Adventskalenderen dei fekk på Fløybanestasjonen ein dag me tok turen opp på Fløyen, det var ein kalender med sjokolade i, var mykje større suksess. Den forstod dei vitsen med.

Og den hugsa dei. I går bad femåringen meg om å ikkje gløyme å kjøpe adventskalender. Så då hugsa eg det. Kravet om at eg skulle skaffe ungane kvar sin kalender overhøyrde eg. I dag fekk treåringen opne den første luka. Femåringen meiner den minste har minst trening i å vente, ho skal få ein mjuk start. I morgon er det femåringen sin tur. Så er spørsmålet om det er faren eller eg som skal opne på torsdag. For kven er minst? Er det fysisk storleik som tel, eller er det alder? Eller er det den som ser eldst ut som er eldst? Femåringen hevda i dag at korkje faren eller eg var kvalifiserte til å vurdere dette. Me kan jo ikkje sjå oss sjølve og samanlikne oss. Det kan han. Dermed får eg opne den tredje kalenderluka. Ungane som har byrja å lære seg tal, kan styre med å finne den rette luka.

Kanskje høyrest det barnsleg ut at også foreldra skal ha adventsnop, men eg tenkjer ungane kan lære seg å dele med oss vaksne. Då får me ikkje fleire enn seks sjokoladar kvar før jul, og det har me heller ikkje godt av. Det går eit høgt blodtrykk i arv i familien min.

Eg har inntrykk av at dei fleste har heimelaga kalenderar no for tida. Der pakkar dei inn "heimekjøpte" gåver. Eg overhøyrde ein gong ei som fortalde at ho hadde kalender til sonen sin på halvanna år. Kvar dag fekk han ein ny bil. Han vart så glad for bilane han fekk at han ville ha dei i handa heile tida. Etter tre dagar klarde han ikkje å gå i trapper lenger. Han hadde ikkje hender til å halde seg med. Dei var fylt opp med bilar. (Og han var sikkert vel nøgd). Då mora såg dette, frykta ho korleis det ville bli etter 24 dagar. Eg er stolt av at eg har klard å styre unna kalenderpresset til no.

Eg har høyrt folk seie at dei ikkje vil gje ungane snop i kalenderen. Difor kjøper dei gåver ungane treng; undertøy, viskelær, blyantar o.l. Men kva skal dei då gje ungane til jul? Ting dei ikkje treng? Og det er her eg syns problemet ligg. Me har så mange ting, og me treng så lite eigentleg. Eg tenkjer på søppelberga som veks og overfloden vår. Og kva lærer ungane av at dei heile tida får så mange gåver? Julafta i fjor enda med ein hylande fireåring som ikkje tykte han hadde fått nok. Av det drog eg ein lærdom. Ungen må få enno færre gåver.
Posted by Picasa


Grønn hverdag har eit godt tips til alternative kalenderluker. Eg skulle gjerne ha laga noko liknande, men eg er redd me ikkje klarer å følge opp.