Utruleg nok ser eg lite til adventskalenderboikotten. Kor er det vorten av han? Heller ikkje me kan snakke om ein boikott lenger. Faktisk har me skaffa oss ein adventskalender i år. Her er han:
Ikkje særleg sjarmerande. Det må eg innrøme. Kjøpt på Rema 1000 er han også. Men, nei, han kosta ikkje 9,90. Då måtte eg vente litt lenger ut i desember. Og det kunne eg ha gjort, men ikkje alle i familien er like glade i å vente.
I tillegg til at eg er veldig lite husleg av meg, byr det meg imot å pakke inn 28 gåver berre til ungane før jul. Så me minimaliserer så godt me kan. I fjor klarde eg å la vere å kjøpe adventskalender. I staden kjøpte eg ein appelsin og 24 nellikar. Med appelsinprosjektet vart Jens Petrus avslørd. Han må ha juksa med den appelsinen sin, eller så var appelsinane i Skomakergata av ein heilt annan kvalitet enn vår. Appelsinen vår rotna lenge før to veker var gått. Dessutan måtte eg mase på ungane for å få dei til å orke å fjerne ein nellik kvar dag. Ja, eg måtte faktisk gjere det sjølv. Dei orka ikkje ein gong å sjå på meg. Eg sat aleine på kjøkenet med appelsinen. Eg kjende meg som Asbjørn Brekke. Ungane forstod ikkje heilt poenget. Ikkje klarde dei å telje til 24 heller for å sjå kor mange dagar det var att til jul. Adventskalenderen dei fekk på Fløybanestasjonen ein dag me tok turen opp på Fløyen, det var ein kalender med sjokolade i, var mykje større suksess. Den forstod dei vitsen med.
Og den hugsa dei. I går bad femåringen meg om å ikkje gløyme å kjøpe adventskalender. Så då hugsa eg det. Kravet om at eg skulle skaffe ungane kvar sin kalender overhøyrde eg. I dag fekk treåringen opne den første luka. Femåringen meiner den minste har minst trening i å vente, ho skal få ein mjuk start. I morgon er det femåringen sin tur. Så er spørsmålet om det er faren eller eg som skal opne på torsdag. For kven er minst? Er det fysisk storleik som tel, eller er det alder? Eller er det den som ser eldst ut som er eldst? Femåringen hevda i dag at korkje faren eller eg var kvalifiserte til å vurdere dette. Me kan jo ikkje sjå oss sjølve og samanlikne oss. Det kan han. Dermed får eg opne den tredje kalenderluka. Ungane som har byrja å lære seg tal, kan styre med å finne den rette luka.
Kanskje høyrest det barnsleg ut at også foreldra skal ha adventsnop, men eg tenkjer ungane kan lære seg å dele med oss vaksne. Då får me ikkje fleire enn seks sjokoladar kvar før jul, og det har me heller ikkje godt av. Det går eit høgt blodtrykk i arv i familien min.
Eg har inntrykk av at dei fleste har heimelaga kalenderar no for tida. Der pakkar dei inn "heimekjøpte" gåver. Eg overhøyrde ein gong ei som fortalde at ho hadde kalender til sonen sin på halvanna år. Kvar dag fekk han ein ny bil. Han vart så glad for bilane han fekk at han ville ha dei i handa heile tida. Etter tre dagar klarde han ikkje å gå i trapper lenger. Han hadde ikkje hender til å halde seg med. Dei var fylt opp med bilar. (Og han var sikkert vel nøgd). Då mora såg dette, frykta ho korleis det ville bli etter 24 dagar. Eg er stolt av at eg har klard å styre unna kalenderpresset til no.
Eg har høyrt folk seie at dei ikkje vil gje ungane snop i kalenderen. Difor kjøper dei gåver ungane treng; undertøy, viskelær, blyantar o.l. Men kva skal dei då gje ungane til jul? Ting dei ikkje treng? Og det er her eg syns problemet ligg. Me har så mange ting, og me treng så lite eigentleg. Eg tenkjer på søppelberga som veks og overfloden vår. Og kva lærer ungane av at dei heile tida får så mange gåver? Julafta i fjor enda med ein hylande fireåring som ikkje tykte han hadde fått nok. Av det drog eg ein lærdom. Ungen må få enno færre gåver.
Grønn hverdag har eit godt tips til alternative kalenderluker. Eg skulle gjerne ha laga noko liknande, men eg er redd me ikkje klarer å følge opp.
for 13 år siden

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar