I år forstår eg kva ein meiner med julestria. Eg har ikkje kjend det skikkeleg før no. Eg trur det har samanheng med at eg ikkje har hatt lappen før.
Eg tykte det høyrdest praktisk ut å køyre til Lagunen mandag morgon før jul, før alle andre.... Eg skulle innfri julegåveynskjene til alle i familien. Far i huset ynskjer seg ishockeyspel, og 7-åringen ynskjer seg sparkesykkel. Me veit ikkje om andre stader dei sel slikt enn på XXL ved Lagunen, og der sel dei òg sparkesykkel. Når det gjenstår nokre dagar før jul, bestemmer eg meg for å handle dei to nemnde presangane. Det er for seint å strikke dei sjølv.
På veg mot kjøpesenteret merkar eg at det er noko rart med trafikken. Eg trur ein eller annan bil har køyrt av vegen og at resten av trafikken ikkje kjem forbi. Det er jo ikkje så rart. Det er jo glatt. Men eg tek feil. Trafikken går sakte framover. Og eg ser ho snirklar seg inn mot senteret. Klokka ti om morgonen er det bilkø til eit kjøpesenter. Folk skal ikkje på jobb, men på butikken. Er ikkje det ganske utruleg? Det er ikkje råd å få parkeringsplass utanfor XXL heller. Det er hovudsakleg dit alle skal. Det er ikkje noko problem å parkere utanfor Fretex. Så eg gjer det og går inn og ser, for å rettferdiggjere parkeringsplassen eg tek. Og eg kjem ut med noko nips........
Inne på XXL finn eg det eg skal ha. Men når eg skal betale, syner det seg at kontoen min er tom. Pinleg. Eg ringjer ishockeymannen for å be han setje inn pengar til meg. Han meiner eg ikkje vil få pengane i dag, men i morgon. Eg trur eg vil få pengane same dag, men vert usikker. Eg går til senteret og finn ein minibank. Etter å ha sjekka han kvar halve time i eit par timar, gjev eg opp. Eg bestemmer meg for å reise til juletreskogen der me hadde vore dagen før for å hente akebretta me hadde gløymd. Eg kunne jo sjekke kontoen min når eg var ferdig der.
Men så var det alle desse rundkøyringane i eit området eg ikkje er kjend, og der alle skilta er snødde ned. Eg køyrer ikkje til sentrum, men til Sørås. Eg må ut att, men ser igjen ein saktegåande kø på vegen ut. Eg nektar å snu, og trur at eg vil kome ut av Sørås om eg held fram på den vegen eg alt er på. Til slutt forstår eg at det er ein blindveg eg køyrer på. (Og så hugsar eg at det same har skjedd før). Eg snur og vert ståande lenge og vel i ein ny bilkø. For å ikkje kaste bort for mykje tid, høyrer eg på P2. Det gjev meg noko. Eg høyrer på Verdt å vite. Denne veka handlar det om Klimakrisa. Det gjer skikkeleg vondt. Her sit eg aleine i ein gamal bil og spyr ut eksos på veg til eit kjøpesenter for å kjøpe julegåver til ungar som har alt dei treng. Eg tenkjer på at eg skulle ha vorte ein eremitt, og funne meg ein fjellgard. Me skulle ha skrota bilen og vortne bønder og produsert det me treng sjølve. Eg skulle sagt good bye til Lagunen og bilkøar. Slik tenkjer eg. Og så skrur eg over til P1. Kanskje eg får nokre trafikkmeldingar. Det kan jo vere godt å ha med seg.
Når eg endeleg kjem meg ut og attende til der eg i utgangspunktet skulle, kjem eg til ei ny rundkøyring der eg veit at eg alltid er usikker. Igjen køyrer eg feil, og havnar på Nestun. Like godt tenkjer eg. Der endar eg alltid når eg skal til Os, men frå Nestun tykkjer eg der er lett å orientere seg. Problemet i dag er, som sagt, kø. No står bilane nesten stille. Eg har alt byrja å sjå på klokka og lure på om eg vil rekke å hente ungane. Eg er sulten, men har ikkje mat i bilen. Det er no skuldrane byrjar å stivne. Når ein sit i slike saktegåande køar, trur ein alltid at han aldri vil ta slutt. Men det gjorde han også denne gongen. Eg fekk henta akebretta og kom meg heim til å hente ungane i barnehagen. Men, eg hadde brukt ein heil dag på å ikkje gjere noko som helst enn å bidra til klimaendringane.
Dagen etter prøvde eg igjen: Eg kom fram. Det tok si tid. Pengane var på konto. Far og born var nøgde. Under ser de resultatet.


Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar