tirsdag 29. desember 2009

Romjula

Romjula er deilig. Det er i romjula ein får tid til det ein ikkje får tid til i adventstida. No har me både skrive på julekort, kjøpt frimerke og me reknar med å poste korta i morgon. Eg har strikka ferdig hanskene eg skulle gje ei veninne til jul. (Mønsteret til dei fann eg her). No manglar det berre nokre kledelege knappar.
Men kakene me har baka i adventstida, dei får me ikkje tid til å ete. Ungane liker dei plutseleg ikkje lenger heller, eller for å bruke deira ord. Dei elskar dei ikkje lenger. Det var berre då dei gøymde seg under stovebordet med stolne kaker at dei smaka godt, motsett av kva dei har lært av Hakkebakkeskogen.

1. juledag drog me til Ålvik og storfamilien der.



Her vart 3-åringen hekta på skigåing og brukte det som transportmiddel til juletrefesten 2.juledag, der me for øvrig vann ein kakeboks med ein kopp og ein refleks i.

Denne romjula er ekstra fin. Me har snø, solide minusgrader og sol. Det betyr perfekte forhold for å gå på ski. Eg orkar ikkje å ha ski på beina når eg går med ungane. Eg er friare til å hjelpe dei opp etter fall utan. Og det må eg gjere ofte. Me satsar på treåringen si skikarriere, ikkje mi. Det kjekkaste eg veit med Bergen og snø, er å ake frå Fløyen. Om det er slik at ungane like godt kan ake her heime, bryr eg meg ikkje noko om det. Bur me i Bergen, så bur me i Bergen. Ake heime kan ein gjere dei fleste andre stader. Dermed vart det aking frå Fløyen i går. Det er verkeleg veldig kjekt. I dag kunne me òg ha aka då forholda var like fine, men ungane valde å gå på kino. Me såg En liten julefortelling. Ein heilt grei film for meg, og fantastisk for treåringen som denne gangen følgde med frå byrjinga og heilt til slutten.

Ingen kommentarer: