torsdag 3. desember 2009

Om sykkelen, tida som går og det å sykle med ein sykkel i forsvarleg stand.

Endeleg fekk eg levert sykkelen på service. Eg grua meg litt til å levere sykkelen inn på ein sykkelverkstad. Det hadde vore så pinleg om eg berre kunne skru på ei skrue og så var alt i orden. Eg prøvde å finne feilen sjølv før eg drog, men eg tenkte at eg har litt å gå på sidan eg ikkje er mann. Eg passa på å ha på meg skjørt. Jenter har jo lov å vere litt teknisk analfabet, har dei ikkje? Eg vel å tru det.

Det synte seg at det var på høg tid å få service på sykkelen. Han var ikkje i forsvarleg stand, fekk eg høyre. Ingen av hjula var rette, og styrelageret måtte skiftast ut. - Er sykkelen gamal? - Nei, heilt ny, svarer eg. Eg kjøpte han for.... eh..... sju år sidan. - Fungerer giret? - Ja, svarer eg, eller ikkje heilt. Kjeden fell av når eg har han i første.

Det var med andre ord bra eg fekk sykkelen til service etter sju år.

No lurer eg på om eg skal kjøpe meg regntrekk til sykkelhjelmen når eg kjem for å hente sykkelen, eller om eg skal håpe at nokon gir meg det til jul/bursdag?

Ingen kommentarer: