Ein gong las eg i Bergens tidende om det truga fenomenet barnepark. Då vitja avisa ein barnepark og snakka med ei dame som hadde jobba i denne barneparken i ein generasjon eller to. Ho fortalde at før i tida, (sikkert då eg var lita) var det ingen som ville vere far når ungane leika mor, far og unge. Eg hugsar forresten godt den problemstillinga. Far hadde ikkje noka rolle, anten var han på jobb (og skulle halde seg i bakgrunnen) eller så sov han middag på sofaen. I følge "barneparktanta" hadde dette endra seg no. Det kan kanskje treåringen vår "bekrefte". Ein kveld fortalde ho at ho og ein annan gut i barnehagen hadde leika babyleiken.
- Kven var baby då?
- Det var eg.
- Kva var han guten du leika med?
- Han var pappa.
- Kven var mamma?
- Ingen. Mammaen var ikkje der. Hon var på jobb.
Og sånn er det når mamma må jobbe så mykje ettermiddag.
Det fører meg over til kor frustrerande det er å vere vikar. Då må ein ta det ein får av jobb. Og det er ingen som vil jobbe om ettermiddagen, berre vikarane. No har eg i fleire arbeidsforhold opplevd at ein tek omsyn til at dei fast tilsette ynskjer å jobbe på dagtid medan barnehagane er opne. Vikarane jobbar i "resttidene", dei mest upopulære. Det vil seie om ettermiddagen. Eg veit det er ulogisk, men eg vert fornærma. Kvifor er det ingen som kan sjå at ungane mine er minst like mykje verdt som dei fast tilsette sine?
for 13 år siden
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar