Det øvste biletet kan fortelje oss korleis vêret har vore sidan biletet vart teke i juli, og heilt til byrjinga av oktober. Det har vore regn, regn og atter regn. Solsikkene i hagen vart aldri solsikker - før no. Dei treng visst sol for å bløme.
LITT MEIR OM VÊRET OG DYRE REGNJAKKERPå eit område er sjølvtilliten min stor. Det er når det gjeld vêret. Eg trur eg personleg kan påverke vêret. Eg tykkjer nemleg eg kan sjå ein klar samanheng mellom vêret og nokre av handlingane mine. Om eg til dømes skal på fjelltur og berre pakkar med meg tjukt ullty og regnty, vert det garantert berre bikinivêr. Om eg berre tek med meg bikini, vil eg kome til å trenge varme klede. Om eg tek med meg litt av kvart, til dømes også bikini, vil det regne og verte kaldt likevel. Det vert alltid verst mogleg. Og då er eg ikkje negativ. Nei, eg er objektiv. Med bakgrunn i desse observasjonane, tek eg ansvar. De finn meg gjerne med regnty når det er sol ute. Eg bør aldri ta med meg klede som passar til fint vêr når eg skal på tur. Når eg kjøper meg klede gjeld desse reglane: Kjøper eg noko nytt, fint eller dyrt, som eg gjerne vil bruke, vil klimaet i næraste framtid ikkje eigne seg for desse kleda. Bikiniar, til dømes, får eg aldri bruk for før til neste år, og om eg kjøper ski, vert det ikkje snø det året.
Så attende til vêret hausten 2009. Ein dag trassa eg det dårlege vêret og tok ein tur til fjells med regnty på. Då oppdaga eg at regntyet overhovud ikkje var vanntett. Her har me jo årsaka til at vêret har vore så vått. Eg har rett og slett ikkje hatt skikkeleg regnty. Eg bestemte meg for å kjøpe nytt. Då eg seinare på dagen ser SAL, ALT SKAL BORT, -70% - 30%, vert eg fullstendig blenda. Eg trur eg kan gå til salstativet og plukke med meg det eg kjem over og så betale med lommerusk. Eg finn ei jakke som passar og går og betalar ho. Då eg kjem ut har det slutta å regne. Ikkje før eg er komen vel heim, byrjar eg å tenkje over at jakka ikkje eigentleg var billeg. Ho kosta 2500 kroner. Sjølv om opphaveleg pris var 4500 kroner, var det jo dyrt. Eg har aldri før kjøpt eit klesplagg som er like dyrt som ein sydentur. Og enno manglar regnbuksa.
Etter at regnjakka vart kjøpt, har me hatt mange fine soldagar. Så me kan seie det var ei god regnjakke. Ho held regnet borte frå heile Vestlandet. Det har vorte nokre turar til fjells der ein ikkje berre har fått litt mosjon, men også har fått sett litt utover byen. Og ikkje minst, det mest synlege resultatet, solsikkene har byrja å bløme.
Kanskje eg kan hindre den globale oppvarminga ved å berre kle meg i bikini?