lørdag 24. oktober 2009

Ny blogg

Eg har lenge tenkt at det ikkje er naudsynt å vere så paranoid på nettet. Eg kjenner jo ikkje nokon, trur eg, som vil gjere meg noko vondt. Men i sommar hadde me besøk av eit esperantopar. På kvelden sat me og diskuterte personvern. Kva er farleg og ikkje farleg på nettet? Den eine nederlandske esperantisten fortalde noko som fekk meg til å tenkje litt. Under andre verdskrig døydde mange jødar i Nederland. Det var svært enkelt for nazistane å finne dei, fordi dei hadde eit "godt" folkeregister. Hadde noko tilsvarande skjedd i dag, ville det jo vore enno enklare.

Dette har gjort meg litt paranoid. Eg har no bestemt meg for å opprette ein ny, meir anonym blogg, og stenge den gamle for allmenn ferdsel.

Ingen kommentarer: