onsdag 28. oktober 2009

Vintertid

Me er tidleg oppe. Det er ikkje heilt lett å innstille seg på vintertid for alle medlemmane i familien. På eit eller anna tidspunkt i natt har femåringen vakna, og på eit eller anna vis har han klart å få lov å stå opp. Disney chanell har sendingar døgnet rundt. Eg har ein teori om at det kan verke motiverande for ein femåring å vakne tidleg når dei får lov å stå opp klokka fem for å sjå på barne-TV. Den indre klokka hans seier at barne-TV startar klokka fem. Det er jo ikkje så ille for oss så lenge han er roleg og oppe aleine. Difor har me ignorert dette problemet ei stund. Men, eg syns det er litt pinleg når han til dømes veit alt om Hanna Montana. Og me anar jo ikkje kva han ser. Hovudproblemet er likevel at han vert trøtt og sur. Og dette kan jo i sin tur hemme han i utviklinga.

Litt før klokka seks var eg også oppe. Då hadde eg høyrt mantraet "EG ER SULTEN, KAN EG FÅ LITT MAT?" ei stund. Eg ordnar bestillinga, og byrjar å surfe på nettet. Eg må nemleg finne ut av ei klokke Sovecaroline snakka om. Det er ei klokke med bilete av ein kanin som søv når det er natt og er vaken når det er dag. No er klokka tinga. Femåringen gler seg veldig til å få armbandsur, for det har mormor lova han når han skal begynne på skulen. Han ville heller ha det, men denne kan han faktisk få med ein gong. Han treng ikkje ein gong å vente til jul. Det er litt stas det òg. Han måtte love å sjå på klokka, og legge seg til å sove om kaninen søv, elles er det jo ikkje vits i å tinge ho. Jo, han lova det. Så no gjenstår det å sjå.

Ingen kommentarer: