søndag 25. oktober 2009

Sundag til Viggohytta

Enno ein sundag gjekk turen til Viggohytta. Denne gongen valde me ein ny veg. Me sykla så langt me kunne kome inn i Kanadaskogen på sykkel, og byrja deretter å gå ein stad ovanfor Tennebekktjernet. Der trefte me tilfeldigvis og heldigvis Helga som me slo følge med opp. Det var veldig koseleg.



Ungane har som regel problem med konseptet "gå". Dei vil helst finne seg litt vatn, kongler, pinner, eller alt det nemnde. Og så vil dei helst vere på same stad i fleire timar. Me er ikkje så tolmodige, me vil lange ut og gå. Det var difor me sykla den første biten. Me får bruke kroppen vår litt når ungane er tjora fast i eit sykkelsete.



På denne turen brukte eg den nye regnjakka mi for fyrste gong. Ho hjelpte. Det yra berre litt, og det vesle som kom av nedbør prella av. Eg kjende heller ikkje at eg vart klam og våt då eg sykla opp dei bratte bakkane, så ho pustar nok sikkert skikkeleg godt.




Det flotte med Viggohytta er at det alltid er vaffelsal der på sundagar. Det gjev ungane motivasjon til å gå (eller sitje på skuldrane). Me plar som regel å gå inn, sidan ungane er vortne vane med det, og me vert sitjande der i fleire timar. Eg likar å vere der, sidan det er ein stad som ikkje er så mykje inne i ein skog og nede i ein dal, slik det er lenger nede i Kanadaskogen.




Frå hytta kan me dessutan sjå langt ut mot havet. På dette biletet har fotografen sikta litt for mykje mot sør.
Posted by Picasa

Ingen kommentarer: