onsdag 12. mai 2010

Vår i stua


Det er gøy med alt som spirer og gror. Først skal det spire, og deretter skal det gro. I år har eg teke hardt i. På butikken plukka eg rett og slett berre alt som eg tykte såg fint ut på pakninga, i tillegg til grønsaker og urter eg veit eg liker. Eg eksperimenterte litt òg. Femåringen sa eg skulle prøve å plante bønner. Det har eg aldri gjort før, så eg prøvde. I same plantebrett planta eg òg oregano og blomkarse. Resultatet var at etter to dagar spira bønnene så mykje at lokket på plantekassa letta. Ved sidan av låg dei andre frøa godt under jorda enno. Etter enno nokre dagar sette eg i gang med prikking av "for-tidleg-fødde" blomar. Berre då såg eg kva problem eg hadde gjeve meg sjølv. Me har rett og slett ikkje plass til 40 paprikaplanter, 15 tomatplanter, 5 kastanjetre og alle dei andre krydderplantene og prydblomane eg prøver å få til å dyrke. Det var ikkje plass på eit så tidleg stadium som no heller. Eg tok sjansen, og sette ut noko på terrassen. Det var jo varmt i veret og det er trass alt mai.

Dagen etter løyste plassproblemet seg. Då mannen min vakna konstaterte han at det hadde snøa om natta. Eg sprang opp og ut på terrassen for å redde siste rest. Berre tre tomatplanter gjekk dukken og ein del basilikum sjølvsagt. Eg tok likevel inn plantene i stua. Og dei plantene det var dårleg plass til, ramla om kvelden i gulvet heilt av seg sjølv, om eg siterer ungane. Eller, om eg siterer faren deira; ungane reiv dei ned. Resultatet var at også oreganoplantene kunne seie takk for seg lenge før dei hadde fått gjeve oss noko nytte.
Posted by Picasa

Ingen kommentarer: