mandag 22. mars 2010

Draumejobben

Femåringen har ikkje byrja på skule enno, og veit vel kanskje ikkje så mykje om korleis læraryrket er. Han har også god tid til å ombestemme seg og kanskje finne ut at når han vert stor skal han gjere eit hederleg stykke arbeid. Men slik stoda er no, meiner han at det er keisamt å jobbe, og at det er noko han slett ikkje vil byrje med når han vert stor. Han vil heller verte lærar.

Ingen kommentarer: