Velkomen til bloggen vår. Her skriv me om kva familien Lykke gjer, diskuterer og tenkjer.
lørdag 2. januar 2010
Epilog
Det var visst ikkje meininga me skulle få ut julekorta våre. Nokon sprengde postkassa eg posta dei i. Nokon fann nokre få av dei, meir eller mindre heile, strødd utover vegen under den sprengde postkassa. Dei fleste korta anar eg ikkje skjebnen til. Om nokon av dykk som les dette, får eit slikt kort frå oss i posten, ver venleg å skriv ein kommentar her.
Uansett: Familien Lykke ynskjer alle saman eit godt nyttår.
3 kommentarer:
Så dårleg gjort å sprengja postkassen!!!! Alt slags rart folk finn på... Er ikkje komme noko svidd julekort her, nei.
No har me fått julekort, tusen takk:-) Var nesten ikkje sprengt det til oss:-)
Takk for julekortet som vi fikk for noen dager siden. Tante Olaug nevnte at de hadde fått julehilsen fra dere. Hun syntes det var veldig kjekt. Mormor
Legg inn en kommentar