for 13 år siden
torsdag 19. november 2009
Å sykle i regnvêr
I dag nytta me høvet til å ta svineinfluensavaksina. Me sykla til vaksinasjonsstaden då eg rekna med det ville vere vanskeleg å finne stad å parkere, og sjølvsagt gjorde eg det også for å få litt trim. Men vêret er ikkje det beste. Ungane er både for høge, breie og tunge til å sitje i sykkelvogn. Men femåringen er for liten til å sykle sjølv denne strekninga. Då har me berre eit val. Eg må trø med ungane bakpå. Eg får jo ekstra mykje trim når sykkelvogna er så tung. Bak meg høyrer eg ungane syngje Postman Pat. Dei ler og det herskar full harmoni. Men kva skjer med meg? Det kalde regnet piskar meg i andletet (og det liker eg jo vanlegvis ganske godt), og eg har naggelbit (det har eg aldri likt). Eg tek meg i å verte sur. "Der sit dei, og har det lunt og godt, medan eg må slite". Det varte heldigvis ikkje så lenge. Eg veit jo at det berre er eit alternativ: Eg slit, og ungane kranglar i den lune sykkelvogna.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar