torsdag 12. november 2009

Oppmuntringspedagogikk til mor

Eg er avslørt. No får eg oppmuntringspedagogikken midt i trynet:

Mamma, vi er så heldige som har deg. Vi slipper å gå til doktoren med bamse, for du er så flink til å sy. Du er en skikkelig bamsedoktor!

Det var jo ein fin måte å be meg sy bamse, men eg trur han forstår kva eg eigentleg ber han om når eg kjem med same type smiger.

Eg trudde eg var lur når eg "gjekk meg vill" på sundagsturane våre og ungane må vere vegvisarar. Men eg forstår no at eg er avslørt. I skogen får treåringen trassanfall og vil ikkje gå heim. Det gjenstår ca. 100 meter. Då høyrer eg femåringen seie til ho:

Nei, nå vet jeg ikke hvor jeg er, kan ikke du gå først og vise veien?