lørdag 24. oktober 2009

Innhald

Og kva skal så bloggen innehalde? Den opphavelege bloggen oppretta me for å leggje ut bilete av sonen vår, slik at familien sør i landet kunne få sjå han. Etterkvart byrja eg å skrive kommentarar til bileta som med tida vart litt lengre. Og til slutt har eg skrive innlegg, utan at eg alltid har med bilete. Eg ser sjeldan at folk kommmenterer det eg skriv, så eg går nesten ut frå at eg ikkje har lesarar. Likevel skriv eg. Eg likar jo å skrive. Eg har også sett på bloggen som eit digitalt fotoalbum, og etterkvart eit minnearkiv. Det kan vere godt å ha dersom det skulle bli brann. Mykje av det eg skriv, ville i gamle dagar gått ut som handskrivne brev, og i nyare historisk tid, ville det gått ut som e-post. No tek det form som ein blogg. Det vert nesten som massesende julebrev heile året.

2 kommentarer:

Astrid Holmefjord sa...

Her kan du telja lesarane dine:-)
http://www.statcounter.com/

Synnøve sa...

Eg leser :-)