fredag 28. mai 2010

Helg

og eit hav av ting me kunne/burde har gjort.

Koret skal ha korfest, me er inviterte på hyttetur med nokre vener (og det inkluderer o-løp), femåringen skal i bursdagsbesøk på laurdag føremiddag, det er sirkus i byen, og dessutan veldig mykje anna som skjer i samband med Festspillene.
Sidan eg har brukt ein del helger i det site til andre ting enn familien, som til dømes jobbing og korkonkurranse, bestemde eg meg for å bortprioritere koret og heller seie ja til hytteturen. Men eg angra då eg såg festspillprogrammet, for kor og sirkus kan la seg kombinere. Men korkje korfest eller hyttetur kan la seg kombinere med Grand prix på TV. Og dette bursdagsbesøket? Er ikkje det samstundes med sirkuset?

Og så er det andre ting me burde ha gjort:
1. Fikse siste rest av vaskerommet
2. Henge opp blomekasser
3. Kjøpe planter til blomekassene
4. Kjøpe og montere ei hylle eg har peika meg ut
5. Henge opp den hylla som ligg i embalasjen på soverommet
6. Male skatollet og møblere litt meir hensiktsmessig i kjellaren
7. Sy gardiner

Nei, dette er keisame ting ein ikkje burde bruke helgene på.

Her er ting me burde verte flinkare til å bruke helgene på:

1. Barnefrie fjellturar
2. Barnefrie padleturar
3. Fjellturar med barn. (Me skulle til dømes heilt konkret ha takka ja til invitasjonen om å gå til Brushytta med bror min og familien hans) .
4. Tur til Lysøen.
5. Tur til Arboretet.
6. Sykkelturar.
7. Padleturar.
8. Turar i naturen i nærleiken.
9. Leikeplassen og naboane.
10. Me skulle ha studert alle kulturprogramma i byen, sett oss ut kva me ville gå på, og så skulle me ha gått på dei.

Og sånn er det kvar helg. Sist helg var me berre heime. Femåringen var så glad fordi me kunne opne terrassedøra for å få puste inn litt frisk luft, han likar at det vert slik. Eg tenkjer uansett alltid at eg burde ha gjort noko anna enn det eg gjer...

Frekk eller ærleg

Me står opp ein morgon, fireåringen og eg, går inn på badet, dusjar oss og går så attende på soverommet for å finne reine klede. Sovelukta slår imot oss. Uff, for ei lukt, kommenterer eg. Ja, forklarer, fireåringen, for det luktar deg.

Er ho frekk eller berre ærleg? Er det hygienen eller oppdraginga eg bør gjere noko med?

mandag 17. mai 2010

God 17. mai!


Me ynskjer alle ei god 17. mai og publiserer eit bilete av dei søte små. Fireåringen har arva ein bunad frå bestemora, og me syns ho er veldig fin.
Posted by Picasa

onsdag 12. mai 2010

Kristi himmelfartsdag


Eg: På torsdag har de fri frå barnehagen. Då er det Kristi himmelfartsdag, eller Himmelspretten som det også vert kalla. Det var den dagen Jesus spratt opp til himmelen. Tru korleis han klara det? Han hadde nok ein rakett på ryggen.

Femåringen: (Himlar med augo). Nei, mamma, han flaug til himmelen.

Eg: I eit fly?

Femåringen: Nei, det kom to englar og gjorde han levande igjen. Det eine var ein dødsengel. Det andre var ein vanleg engel. Så tok dei han med seg til himmelen.

Eg: Har du lært alt dette i barnehagen?

Femåringen: Ja. Dette veit eg mykje om.

Eg: Er det sant? Eller er det eit eventyr.

Femåringen: Det er sant.

Fireåringen: Eg tror det er eventyr.

Femåringen: Nei, det er sant.

Fireåringen: Nei, det er berre noko du har drøymt.
Posted by Picasa

Her kan de sjå kva som skjer når ein gjev ei fire år gamal jente kritt i ulike fargar.
Posted by Picasa

Vår i stua


Det er gøy med alt som spirer og gror. Først skal det spire, og deretter skal det gro. I år har eg teke hardt i. På butikken plukka eg rett og slett berre alt som eg tykte såg fint ut på pakninga, i tillegg til grønsaker og urter eg veit eg liker. Eg eksperimenterte litt òg. Femåringen sa eg skulle prøve å plante bønner. Det har eg aldri gjort før, så eg prøvde. I same plantebrett planta eg òg oregano og blomkarse. Resultatet var at etter to dagar spira bønnene så mykje at lokket på plantekassa letta. Ved sidan av låg dei andre frøa godt under jorda enno. Etter enno nokre dagar sette eg i gang med prikking av "for-tidleg-fødde" blomar. Berre då såg eg kva problem eg hadde gjeve meg sjølv. Me har rett og slett ikkje plass til 40 paprikaplanter, 15 tomatplanter, 5 kastanjetre og alle dei andre krydderplantene og prydblomane eg prøver å få til å dyrke. Det var ikkje plass på eit så tidleg stadium som no heller. Eg tok sjansen, og sette ut noko på terrassen. Det var jo varmt i veret og det er trass alt mai.

Dagen etter løyste plassproblemet seg. Då mannen min vakna konstaterte han at det hadde snøa om natta. Eg sprang opp og ut på terrassen for å redde siste rest. Berre tre tomatplanter gjekk dukken og ein del basilikum sjølvsagt. Eg tok likevel inn plantene i stua. Og dei plantene det var dårleg plass til, ramla om kvelden i gulvet heilt av seg sjølv, om eg siterer ungane. Eller, om eg siterer faren deira; ungane reiv dei ned. Resultatet var at også oreganoplantene kunne seie takk for seg lenge før dei hadde fått gjeve oss noko nytte.
Posted by Picasa