Eg ligg i senga. Treåringen og faren er stått opp. Eg høyrer at treåringen vert sint. Eg høyrer på rørslene hennar i det ho reiser seg frå stolen og spring ut i stova og skrik.
-NEEEEEEEEII! EG VIL IKKJE HA LITE! EG VIL HA MASSE! DET DER ER LITE!
Eg høyrer ikkje faren. Treåringen sloss for ei død sak. Faren har teke ei avgjerdsle det ikkje går an å endre. Det er ikkje meir å diskutere. Ho kan berre sloss, men ikkje mot han.
Treåringen er Kristine nummer to. Eg veit korleis ho kjenner det. Det er slik eg høyrest ut når eg vert sint. Og så hugsar eg ei scene frå ungdomstida mi. Me sit ved kjøkenbordet. Eg kranglar med faren min, eller eg prøver å krangle med faren min. Eg hugsar ikkje kva me kranglar om, kanskje om når eg skal vere inne på kveldane. Eg får ikkje noko svar på innlegga mine. Saka mi er bestemt, av foreldra mine, og det er ikkje meir å diskutere. Pappa sit roleg og et maten sin. Eg kjeftar. Ingen svarer meg. Eg vert så irritert når dei ignorerer meg. Kva om eg heller det kalde vatnet i mugga over hovudet på han? Vil han då seie noko? Eg gjer det. Ingen reaksjon. Pappa sit like roleg og et medan vatnet sildrar ned frå hovudet hans, på kleda og så på gulvet. No gjev eg opp. Etter ei stund seier han like roleg. - Kristine, du får tørke opp det vatnet på gulvet sjølv.
for 13 år siden