Me har gått i fella med å putte for mange aktivitetar inn i kvardagen vår. Den største tidstjuven er sjølvsagt jobbane våre.
Ungane skal hentast på SFO og i barnehage før dei stengjer klokka halv fem, og det er ofte ei utfordring i seg sjølv å rekke det. I tillegg har me klart å leggje inn ein del aktivitetar på ettermiddagstid. Tysdag er det fotballtrening for seksåringen. Han hadde bortimot vore den einaste i klassen som ikkje hadde gått der om me hadde teke omsyn til tid. Men han treng å vere i rørsle og lære samspel, så me presser det inn. Vidare treng dei å lære seg å symje. Fireåringen er uredd vatnet og glad i det. Det er best ho lærer seg å symje før ho hoppar i eit basseng utan å kunne symje for så å drukne, eller få vasskrekk. Difor pressar me inn symjekurs ein ettermiddag i veka òg. Såleis er me heime etter klokka seks på ettermiddagane. Då skal me handle, lage og ete middag, gjerne sjå barne-TV og gjere lekser. Det er sånn rekkefølgja er no. Eg ser me må snu på det, og ta leksene før barne-TV. Når leksene kjem etterpå, er seksåringen for trøtt og umotivert.
Det bekymrar meg at lekser alt er eit problem i første klasse når han så og seie ikkje har lekser enno. Korleis vert det seinare? Leksene tok veldig lang tid i dag. Gutungen måtte smørjast og trøystast utallige gongar. Lovnad om ein sjokoladebit etter leksene hjelpte, men det vart så seint at fireåringen plutseleg vart overtrøytt.
Dette er den vanlege kvardagen vår. Slik ser det ut hos oss kvar dag, og kvar dag tenkjer me at i morgon må me starte legginga før ho vert overtrøytt. Når fireåringen plutseleg vert overtrøytt byrjar ho plutseleg å grine. I dag spør eg ho kva det er. Jo, svarar ho, ho kan ikkje verte mor når ho vert stor, for det er så vondt å føde. Kor har ho det frå? Korleis veit ho det er vondt? Kor har ho lært ordet "å føde"? Det hjelp ikkje at eg fortel ho at det er verdt smertene, at ein vert så glad etterpå at ein gløymer at det var vondt, kor fint eg tykte det var å føde ho og broren. Ho skrik og skrik til eg får fortalt ho at ho ikkje treng å få born. Ho kan heller adoptere. Ho vert stille ei stund, men etter å ha tenkt seg litt om, hyler ho at ho ikkje anar korleis ho kan finne ein unge å adoptere. Seksåringen kan fortelje at det ikkje er noko problem, det er mange foreldrelause ungar i Uganda. Då vert det stille ei god stund. Ho har funne ei løysing. Men etter ei stund tek ho til igjen. "Ååååååååå, det er mye bedre å være gutt, for de sleppar å føde, uhuuuuuuuuu".
for 13 år siden
